Vanlege spørsmål

Kor gamal må eg vær for å være med?

  • Me har satt aldersgrense frå at ein født i 2006, men det er mogleg å gjere unntak. Send oss melding på kontakt så kan ein sjå om det er mogleg.

 

Er det ei øvre aldersgrense?

  • Nei! Korps er noko av det som binder folk i alle aldere saman. Me oppfordrer folk i alle aldere å melde seg på.

 

Eg har lyst å delta, men føler meg litt for gamal. Blir det berre unge folk og ungdom der?

  • Det blir det absolutt ikkje. I 2020 hadde me deltakara frå 13 til 60 år. Me trur at dei unge har mykje å lære frå dei eldre og omvendt. Eit av hovudmåla er å ha ei brei aldersspreiing og medverke til å knytte generasjonar saman.

 

Eg er ikkje sikker på om eg kan vær med men har veldig lyst. Er det mogleg å melde seg av seinare om det ikkje skulle gå?

  • Det går heilt fint. Det er mogleg å melde seg av uten å måtte betale påmeldingsavgifta fram til 01.Juni 2021.


Er det overnatting og mat?

  • Det er ingen overnatting. Alle bur heima eller søv hjå familie eller venner. Det er litt snacks i pausen og mat dei lengste dagane, men då er det gjett melding.

 

Eg er redd det skal verta for vanskeleg. Kor høgt er nivået?

  • Me prøvar å gje alle utfordringar utifrå det nivået dei er på. Det gjer me i stemmefordeling og repertoarvalg. Om du ikkje ynskjer å spela ei stemma åleine så kan du gje melding om det i søknadsskjemaet (eller motsett om du vil ha ei skikkeleg utfordring).

 

Når får me notane?

  • Notane blir truleg sendt ut ein månad før fyrste øving.

 

Er det mulig å få speletime med instruktørane?

  • Det er absolutt mogleg å ordne. Det blir ein personleg avtale mellom deg og instruktøren, men me kan ordne lokale. Dei fleste instruktørane tar Kr 500,- pr klokketime i betaling. Me kjem til å sette av ein dag der det er mogleg å få speletimar om ynskjeleg.

Eg har lyst å vær med men eg kommer ikkje fra eller bor i sunnhordland. Er det mulig?

  • Det går fint så lenge du har ein plass å bu i Sunnhordland. Hjå familie, venner eller ein anna løysning. Om det skulle verta fult i påmeldinga vil dei som er frå Sunnhordland verta prioritert, men dette vil du få melding om tidleg isåfall.