Årets repertoar

Endringar kan førekomme utifrå påmelding

Nytt verk av Torbjørn Haaland


I år har me den store æra av å få urfremføre endå ein nytt verk av den lokale unge komponisten Torbjørn Haaland.

Han studerar for tida komposisjon på Noregs Musikkhøyskole med Henrik Hellstenius. Det skal verta spennande å sjå kva han skriv og tek med seg frå hovudstaden. Her kan du høyre kva han skreiv til oss i fjor.


Rhapsody in Blue


George Gershwin sin store pianokonsert arrangert for korps og piano. Ei mesterlegg kombinasjon av impulsar frå jazz og klassisk musikk.


Pianosolist: Blir annonsert ved seinare tidspunkt


How to train your dragon - Symphonic Portrait


John Powells musikk til animasjonsfilmen "Dragetreneren" er noko av den beste filmmusikken som er produsert dei siste 15 åra. Dette spektakulære arrangementet inkluderer utdrag frå This is Berk, The Downed Dragon, See you tomorrow, Romantic Flight, Battling the green Death og Coming back around. Det vil verta eit fyrverk å spela denne.


Lincolnshire Posy


Percy Graingers musikalske verk i seks satser basert på folketonar frå Lincolnshire. Bestilt i 1934 og har blitt eit av dei store verka for janitsjarkorps.


I. Lisbon

II. Horkstow Grange

III. Rufford Park Poachers

IV.  The Brisk Young Sailor

V. Lord Melbourne

VI. The Lost Lady Found

Amerika-Norge


Oscar Borg fekk oppdraget å skrive musikk til opninga av Den Norske Amerikalinje, og då DS ”Kristianiafjord” i 1913 la ut på sin første reisa til Sambandsstatene, stod 1. Brigades musikkorps og Oscar Borg på havna i Oslo og fremførte denne storslåtte marsjen.