Velkomen til

Sunnhordland Sumarkorps 2021

Hei, musikantar frå heile Sunnhordland!


Det er ei glede å ynskje velkomen til Sunnhordland Sumarkorps 2021. Etter ei stor suksess i fjor har me beslutta å gjenta det i år. Prosjektet vil gå føre seg 16.-24.juli(sjå øvingsplan for kva som skjer når) på Stord.


Er du født i 2006 eller før, og spelar eit korpsinstrument er du hjartleg velkomen å melde deg på! Me håpar så månge som mogleg i alle alderar gjer det.


Du kan få ein smakebit på årets repertoar og instruktørar under sine respektive faner i "Sunnhordland Sumarkorps 2021".


Årets deltakaravgift er Kr 500,-. Familiar med meir enn to personar som deltek betaler berre for dei to fyrste deltakarane.


Har du veldig lyst å vær med, men veit ikkje om du kan i det tidsrommet? Null problem! Det er mogleg å melde seg av utan å måtte betala påmeldingsavgift fram til 01.Juni 2021.