Vårt neste prosjekt:

Filmmusikkonsert med:

Møt andre som likar å spele korps!

 

Gjennom sumarkorpset får du møte og spele med musikantar frå heile Sunnhordland. Det blir i tillegg til øvingar, sosiale aktiviterar for å verta betre kjent.

Spel eit variert og spennade program!

 

Programmet er satt samen av alt frå korpsklassikara til filmmusikk til storband. Det skal vær ei utfordring for alle og alle skal ha det gøy!

Spel saman med og få rettleiing av profesjonelle musikarar!

 

Instruktørane har ikkje berre gruppeøvingar, dei er òg med å spelar i korpset og bidrar til inspirasjon med eige spel og deltek på det sosiale.

Tilbakemeldingar frå tidlegare prosjekt

Å delta på Sumarkorps 2020 var utruleg kjekt. Fantastisk å treffa og spela i lag med mange andre kjekke folk. Repertoaret var særs variert og alle i korpset fekk vist seg fram frå si beste side. Øvingane var av høg kvalitet og munna ut i ein flott konsert i Nysæther Kyrkje.

Ved å delta på Sumarkorps vil du få moglegheita til å spela variert musikk under leiing av dyktige instruktørar. Du får ta del i ei rekkje sosiale aktivitetar og sjansen er også stor for å stifta nye bekjentskap. Har du spelt ein del år vil du truleg møte fleire kjenningar også. Eg har berre ein ting å seia: meld deg på til neste Sumarkorps!


- Henrik (Klarinett)

Sumarkorpset 2020 va ein super ide. Hadde ikkje tenkt å melde meg på men så gjorde eg det i siste sekund... Og angra ikkje. Blei kjent med mange andre korpsmusikanter... Musikken va variert og spennende og litt utfordringer underveis sio me ikkje hadde så lang tid på å øve da inn. Men løye ka me får te når ein vill.. Vurdere å melde meg på i år og. Du har gjort ein kjempe flott jobb Robert.


- Heidi ( Trompet / Kornett)

Eit kjekt, bra og nyttig tilbod i området. Eg kjenner ikkje til noko anna som samlar korpsa og ungdommen (dei vaksne og forsåvidt) under same dirigent. Me treng ikkje meir av at korpsa kun jobbar for seg sjølv i kvar sin krok. Eg opplever det som noko alle korpsingar i Sunnhordland burde vore innom. Det passar for musikk-utdanna og hobby-musikant. Det er varierande musikk, gode instruktørar og mykje godt sosialt. Og øvingane er nokså bra fordelt. Fint med ein pausedag, og ikkje for lange øvingsdagar - slik som dei fleste kurs har (frå morgon til kveld).


- Helga (trombone)

Neste konsert

Filmmusikkonsert med Sumarkorpset

 

Velferdsbygget til Aker Solutions (ved Kværner Stord Kantina), Stord

Sunnhordland Sumarkorps inviterer til ein storslått filmmusikkonsert, og me feirar vårt femårsjubileum med ei konsertoppleving utanom det vanlege. Denne ettermiddagen vil me ta deg med på ei uforgløymeleg reise gjennom nokre av dei mest ikoniske filmmusikken gjennom tidene.


20.Juli  |  14.00 - 15.30

Videoer frå tidligere år