Om oss

Sunnhordland Sumarkorps er eit prosjektkorps med janitsjarbesetning som vert arrangert årleg av initiativtakar og dirigent Robert Sylta. Prosjektkorpset har som føremål å vera ein utviklingsarena for aktive musikarar frå korps i Sunnhordland, og å bidra til å byggja bru mellom skulekorps og vaksenkorps i regionen.


I arbeidet for å nå føremålet syt prosjektet for å tilby musikalske utfordringar for deltakarane på det nivået kvar og ein er på gjennom samspel i fullt korps og i mindre grupper. Robert Sylta er dirigent for korpset, medan dei mindre gruppene vert leia av profesjonelle musikarar.


Sunnhordland Sumarkorps har dei siste åra framført eit breitt og variert repertoar, og legg vekt på å framføra både tradisjonell  og moderne korpsmusikk.

Dette gjev ein unik moglegheit for lokale musikarar og for publikum å oppleva korpsmusikk som normalt kan vera krevjande å setja opp grunna avgrensa ressursar – til dømes med tanke på besetning.
Sunnhordland Sumarkorps bidreg såleis til å oppretthalda eit rikt og aktivt kulturliv i Sunnhordland gjennom fremjing av kunst og kultur ved å stimulera og utvikla deltakarane si interesse i musikk.