I år har me den store æra av å få urfremføre endå ein nytt verk av den lokale unge komponisten Torbjørn Haaland.
Han studerar for tida komposisjon på Noregs Musikkhøyskole med Henrik Hellstenius. Det skal verta spennande å sjå kva han skriv og tek med seg frå hovudstaden. Her kan du høyre kva han skreiv til oss i fjor.
Rhapsody in Blue
George Gershwin sin store pianokonsert arrangert for korps og piano. Ei mesterlegg kombinasjon av impulsar frå jazz og klassisk musikk.
Pianosolist: Oskar Abel Halvorsen
John Powells musikk til animasjonsfilmen "Dragetreneren" er noko av den beste filmmusikken som er produsert dei siste 15 åra. Dette spektakulære arrangementet inkluderer utdrag frå This is Berk, The Downed Dragon, See you tomorrow, Romantic Flight, Battling the green Death og Coming back around. Det vil verta eit fyrverk å spela denne.
Percy Graingers musikalske verk i seks satser basert på folketonar frå Lincolnshire. Bestilt i 1934 og har blitt eit av dei store verka for janitsjarkorps.
I. Lisbon
II. Horkstow Grange
III. Rufford Park Poachers
IV. The Brisk Young Sailor
V. Lord Melbourne
VI. The Lost Lady Found
Oscar Borg fekk oppdraget å skrive musikk til opninga av Den Norske Amerikalinje, og då DS ”Kristianiafjord” i 1913 la ut på sin første reisa til Sambandsstatene, stod 1. Brigades musikkorps og Oscar Borg på havna i Oslo og fremførte denne storslåtte marsjen.